Det er mykje ”Mellom Himmel og Helvete”.Meir enn ein skulle tru.Det opplevde deiknapt 500 som deltok på teatervandringa i Jettegrytene i Helveteden 5., 6. og 7. juli.
Publikum møtte mange vesen – hulder, alvar, englar og djevlar under vandringa.På hovudarenaen -i den største Jettegryta - vart det utkjempa ein dramatisk kamp mellom det gode og vonde.Her fekk dei profesjonelle utfolde seg.Både Gunnhild Sundli og sirkusgruppa ”Kulta” trollbatt publikum med fantastisk spel og akrobatikk.
.
Amatørane sto heller ikkje att.Dei var med å gi publikum både spøk og alvor.Flygeskulen for småenglar var eit innslag av det humoristiske slaget.Instruktør var pensjonert flykaptein Ola Eggen - så opplæringa var i beste hender.
Publikum hadde berre godord og ros å koma med etter framsyninga.
Men framsyninga heldt på å regne bort.Hovudarenaen nede i Jettegytenesto heilt under vatne nokre timar før premiera.Gjennom imponerande innsats frå både aktørar og lokale hjelparar, greidde vi likevel å gjennomføre teatret – men noko redusert i forhold til manus.
Publikumsoppslutninga tok seg stadig opp.Fyrste dagen var det færre enn vi hadde håpa på, men fredag betra det seg og laurdag var dei fleste forestillingane fulle.